Du er her: Home Regionen Nordhordland Smak av Nordhordland
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Meny
Du er her: Home Regionen Nordhordland Smak av Nordhordland
I Nordhordland har vi alt som skal til for å kunne skape framtidig livskraftig næring av lokalmat. Vi har historia om landskapet, gardane, havet, menneska, råvarene, oppskriftene, tradisjonane og den handlingsborne kunnskapen. Du finn alle lokale produsentane i vårt digitale kart.
Sauekjøt, fisk, mikrogrønsaker, honning, bær, bakst, ost, geitost, kjekjøt, oksekjøt, grisekjøt, egg, andeegg, spekemat, grønsaker, garnityr m.m. For deg som er matinteressert og som tenker på viktigheita av kortreist mat, har du mykje å gle deg til av matopplevingar i Nordhordland.
Foto: Tina Monslaup
«Smak av Nordhordland» set eit etterlengta fokus på lokalmat frå Nordhordland. Ein har organisert seg som eit prosjekt kor ein skal samle, skape synergiar og verdiskaping mellom aktørar og bedrifter som forvaltar, produserer, leverer og sel lokalmat i sitt daglege virke. Målsetnaden er å byggje merkevara «Smak av Nordhordland».
Medlemmane i nettverket er lokal mat-produsentar og servingstadar i Nordhordland. Ein finn verksemder frå kommunane: Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Vaksdal og Osterøy.
Foto: Tina Monslaup
Eit av hovudproblema har vore kor ein finn dei lokale produkta i Nordhordland. Visit Bergen har samarbeida med Smak av Nordhordland om å utvikle eit kart som fortel kor ein finn både produsent og produkt. Vi håpar du nyt smaken av Nordhordland.
Les meir om smaken av Nordhordland her.
Andre sider
Visit Bergen
Strandkaien 3
NO-5013 Bergen
© Visit Bergen 2024